User Tools

Site Tools


preproduksjon_i_digairange

Tilbake til tips, triks og manualer

Dersom du skal preprodusere ei sending, kan du gjere dette direkte i DigAIRange. Du legg opp sendeplanen din som vanlig, men i staden for i studio, legg du den opp i det som heiter Auto.

Akkurat som dei fleste vanligvis gjer, legg du inn element i sendeplanen din som skal halde av plass til studiosnakk.

Høgreklikk i sendeplanen og velg New element, gi den eit navn og trykk ok.

gi_navn.jpg

Desse elementa skal du ta opp stikka dine i. Det gjer du ved å høgreklikke på elementet som representerer stikket ditt, og velg record i menyen som dukkar opp.

No dukker det opp noko nytt rett under sendeplanen din. Nederst til venstre er det rec- og play-knappar tilsvarande dei i databasen. I tillegg er det 4 symbol oppe til høgre. Den fyrste brukast til å lage markeringar i lydfila (ikkje veldig viktig), den neste gir deg ein tidtakar, den etter det gir deg eit meter og den siste er til sletting av opptak. Trykk i alle fall på den som gir deg meter, for da kan du betre halde kontrollen på lydnivåa dine.

range_-_opptak_og_meter.jpg

Trykk inn rec og ta opp spakane til mikrofonane du skal bruke. Sjekk at nivåa dine er fine, og trykk deretter play for å starte opptak. Du kan sjå at lydbølgjene blir til samtidig som du snakkar.

ta_opp.jpg

Etter at du har stoppa opptaket, kan du høyre på det og om nødvendig flytte innpunkt og utpunkt, men du kan ikkje redigere midt i den. Dersom du er fornøgd trykker du på den blinkande disketten, og dermed har du ei lydfil. Om du ikkje vil behalde opptaket trykker du på det siste av dei fire symbola oppe til høgre, det raude krysset. Dersom du har behov for redigering midt i fila, kan du høgre-klikke på den og velge Entery to: Multi-Track. Når du er ferdig med redigeringa lagrar du den tilbake til DigAIRange. Les meir om det her: https://intern.radionova.no/lagre_til_digairange

lagre.jpg

Etter at du er ferdig med innspeling av alle stikk og du har lagt opp all musikk og jinglar, er det viktig at du sjekkar over alle overgangane. Trykk på 2-talet for å få to spor til redigering av kryssfade

Drag&Drop ned det fyrste lydelementet i sendeplanen din. “Ta-lufta” skal ikkje ned dit, for dette er ikkje lyd.

kryssfade.jpg

Lydelementet du trekk ned vil automatisk ta med seg det som ligg under det, trykk play og hør etter om overgangen mellom dei høres fin ut. Om den ikkje gjer det, flyttar du på dei til du er fornøgd og trykker på den blinkande disketten for lagring. Trykk på den blå pila som peikar mot høgre for å kome det til neste overgang, og gjer dette til du har gått over alle overgangane.

bla_piler.jpg

Til sist må du huske å sette Ta-lufta til planned. Det er denne som gjer at sendinga kjem seg på lufta automatisk. Høgreklikk på den raude skipped-pila og velg planned frå menyen.

Gratulerer du har preprodusert ei sending.

Tilbake til tips, triks og manualer

preproduksjon_i_digairange.txt · Last modified: 2016/10/12 01:00 (external edit)