User Tools

Site Tools


multitrack_kva_er_kva

Tilbake til tips, triks og manualer

Opne prosjekt

Angre

Gjer om angre

Lag nytt track

Slett eit eller fleire track

Bygg gruppe

Splitt gruppe

Vis oversiktsvindu, denne gir deg eit område øverste i prosjektet ditt, der du til ei kvar tid vil sjå ei fullstendig oversikt over alt som ligg i dei ulike spora dine.

Vis track mikser, i denne kan du skru enkel EQ, justere pan, legge til effekter og justere lydnivå.

Dette er zoom-delen av multitrack. Oftast er det best å berre bruke pluss og minus forstørringsglass. Naturlig nok kjem du deg nærmare med pluss og lenger frå med minus.

Dei to knappane merka med 1 og 2 er to forhåndsinnstilte zoomvalg.

Knappen med den blå streken zoomar heilt ut, slik at du ser alle lydklipp i prosjektet ditt.

Knappen med dei to oransje trekantane, gjer at det blir zooma inn på det området som er innanfor dei to oransje markørane.

Dette er diverse funksjonar innanfor dei ulike spora.

Knappen med M vil mute alt som ligg på det aktuelle sporet.

Knappen med S vil mute alle andre spor, og berre sporet med S inne vil gi lyd frå seg.

Knappen med den blå streken minimerar det aktuelle sporet.

Knappen med lilla og blått gir deg blokkvisning. Det er nyttig når du skal flytte på dei ulike klippa.

Knappen med raudt gir deg edit-visning og er den du oftast brukar når du skal splitte opp og klippe vekk lyd. Det er ikkje mulig å ha fleire spor i editvisning, berre eitt og eitt.

Knappen med ? gjer at det poppar opp eit vindu der du kan lese informasjon om det aktuelle sporet. I dette vinduet kan du også gi sporet ein ny tittel.

Knappen med hengelåse vil låse alle lydklippa på det aktuelle sporet. Dersom du vil sikre deg at det som ligg i eit spor aldri følger etter når du flyttar på andre klipp i andre spor, kan dette vere ein nyttig funksjon.

Tilbake til tips, triks og manualer

multitrack_kva_er_kva.txt · Last modified: 2016/10/12 01:00 (external edit)