Teknisk sjef vårsemesteret 2013

Med dette søkjer eg, Mari-Janne Myrhol, stillinga som teknisk sjef våren 2013. Mi tid på Nova starta hausten 2004, og eg har i løpet av den tida vore teknikar for ein rekke ulike redaksjonar, teknisk sjef i 2009 parallelt med feltarbeid og skriving av masteroppgåve om Radio Nova. For ein nærmare kikk på resultatet, sjå her: http://www.duo.uio.no/sok/work.html?WORKID=110115&lang=en

Etter at masteren var levert, starta eg igjen som teknisk sjef i 2011, og har vore det fram til no. Sidan 2006 har eg vore del av Nova sitt styre som representant for OSRC, dvs. teknikarane på Nova. I tillegg til den fullførte masteren i sosialantropologi, har eg ein bachelor i kultur og kommunikasjon frå UiO, og eitt år med lydteknikk frå Nordisk institutt for scene og studio.

Kommunikasjon

I mine tidligare søknadar har eg understreka kor viktig det er med god kommunikasjon. Radio Nova er utgjort av ein rekke forskjellige menneske, med ulike oppgåver og ulike interesser. Journalistar, teknikarvakter, systemdriftarar (EDB) og administrasjon. Oppretthalding av god kommunikasjon mellom desse, er nødvendig for at vi skal fungere. Eg vil sei at kommunikasjonen på tvers av desse gruppene har fungert godt dei siste semestera, men det krev vedlikehald. Teknisk sjef vil alltid ha ein jobb å gjere med tanke på oppretthalding av god kommunikasjon mellom teknikarar og journalistar, og mellom administrasjon og EDB.

Teknisk utstyr og lokale, alt skal bli finare

Orden i teknisk utstyr og lokale ser eg som ein sjølvsagt del av mitt ansvarsområdet, og eg brukar mykje av arbeidsdagen min på det. Det er nødvendig for at Nova skal fungere i det daglege. Studioa blir sjekka og rydda fleire gongar i veka, og prøvar å halde ei viss oversikt over dei ulike maskinene og opptaksutstyr. Ingen brukar desse tinga oftare enn alle dokke som er frivillig, så det er viktig å feilmelde dei problema dokke møter på. Om eg ikkje får fiksa det på dagen, skjer det så fort eg får tid. Der min kompetanse stoppar opp, hentar eg inn hjelp så fort det er muleg. Alt skal bli finare sa eg under førre valallmøte. Noko har vorte finare, men ikkje alt. Drifting av ein radiostasjon sitt tekniske system er eit evig prosjekt. Det vil aldri bli ferdig. Utstyr blir utslite, øydelagt eller utdatert. Det vil alltid vere noko som kan utbetrast. I løpet av dette semesteret har c-studio fått ei ny drakt, per no er ikkje alt som er ønska ferdiggjort, men det står ikkje mykje igjen. Eg skulle gjerne sagt det same om a-studio, men det har dessverre vorte prioritert vekk dette semesteret. Det må derfor prioriterast neste semester. Tida har vorte for knapp og pengar har vorte litt omprioritert. Neste semester står vi sterkare når det kjem til pengar, forhåpentlegvis. Tida må vi finne.

Eit anna område som treng merksemd er arbeidsstasjonane, altså datamaskinene på redigeringsrommet og dei ulike kontora. EDB jobbar med eit nytt oppsett til desse maskinene, og forhåpentlegvis vil det betre nokon av problema som oppstår med enkelte av maskinene. Forhåpentlegvis kan vi også vurdere innkjøp av litt fleire. Medlemstalet veks og vi siktar mot meir sendetid via DAB.

Dette semesteret har vi leika oss litt meir med DAB og blant anna laga ein ekstra kanal. Oss heile tida, men utan musikk. Her vil eg gjerne få inn meir innhald og eg håper vi kan halde fram med den. Eg skal ikkje gå inn på dette med DAB for mykje, for det er komplisert om dagen og det skjer mykje. No snakkar eg ikkje om det tekniske ved kringkastinga av det, men om retten til å sende der. Om ikkje anna håper eg vi kan halde fram med vår prøvekonsesjon. Draumen er sjølvsagt oss 24/7. Det er derimot større enn jobben eg no søkjer om, så la oss gå vidare.

Ansvar for Nova si tekniske kompetanse

I løpet av det siste året har det vore fleire samlingar for teknikarane, alle med eit fagleg innhald. Det har vore med tema som band i studio, sending utanfor studio, lodding (der heile Nova var invitert), gjennomgang av radioteknologien si historie og gjennomgang av Radio Nova sitt tekniske sendesystem. VI har ei fin gruppe med teknikarar no, og ikkje alle har vore med på alle desse kursa, så nokon blir nok gjennomført igjen. Vi har søkt Medietilsynet om gjennomføring av ein liknande kurspakke, akkurat slik det vart gjort for dette året. I tillegg har vi lagt til kuring i foto og video. Vi er ikkje garantert denne støtta, men om vi ikkje får den, må vi berre gjennomføre kursa i mindre skala.

For den generelle massen i Nova kan det absolutt bli meir tekniske kurs. VI har hatt redigeringskurs for nye, digairangekurs for SA-kandidatar, samt eit ekstra digairangekurs spesifikt for preproduksjon av sendingar og sjølvkjørskurs. Alt dette er ganske standard kurs som bør og skal gjennomførast, og dei vil derfor komme igjen. Det er forbetring her og vi bør nok ha andre type kurs også. Eg burde og har lyst til å sørgje for kompetanseheving i bruk av multitrack. Det er ikkje akkurat kursing, men eg har i det minste starta med ein runde med tips spreidd via infomail og bevart på internsida. Eg har planar om å halde fram med det. I tillegg bør det nok komme kursing i multitrack også etter den grunnleggande treninga som alle får. Det same gjeld digairange. Studio blir det gitt vidarekomande opplæring i via sjølvkjørskurs. Utover det eg har nemnt her, tek eg gjerne imot forslag.

Mvh. Mari-Janne Myrhol Tlf: 41699112, e-post: mari-janne@radionova.no