Table of Contents

Tilbake til tips, triks og manualer

Kva er HF?

Det er boksa med antenne og mikrofon som gjer at vi kan ha med ein utegåande reporter live på lufta. Det må vere minst to personar med på dette, ein ute med HF og ein i studio. Dei har kvar si oppgåve og korleis desse to oppgåvene løysast skal vi gå gjennom her.

I studio

For at den som er ute med HF skal kunne høre studio, må det vere telefonisk kontakt. Dette gjer du på samme måte som om du skulle gjort eit telefonintervju. Oppretting av kontakt med reporter bør gjerast under f.eks. ei låt.

På telefonen taster du 0, og deretter nummeret til den utegåande reporteren. Det er smart av reporteren å ha enten ha handsfree eller i det minste headset/proppar plugga i telefonen. Gjer nødvendige avtaler via telefonen, før dokke går tilbake på lufta.

På miksebordet finn du fram til telefonspaken, den ligg rett etter dei 5 mikrofonspakane. På den må du trykke inn input 2. Det gjer at du får HF-lyden i staden for telefonlyden. Denne spaken må opp så snart reporteran skal på lufta.

Før dokke går tilbake på lufta etter låt, må connect-knappen for telefonen trykkast inn. Den finn du til høgre rett over miksebordet, vedsiden av pc-skjermen. Denne knappen gjer at reporteren hører lyden frå alle aktive mikrofonar i studio.

Ute med HF

I denne sekken bor HF-en. For å få vite kvar sekken med HF-en står, snakk med teknisk sjef. Personen som er ute med denne sekken har også nokre oppgåver. Det aller fyrste som må gjerast er å skru antenna på HF-en. Den ligg i same bur av sekken som HF-en sjølv. Skru den fast på toppen av den nedre delen av antenna, den som stikk ut av sekken.

Etter at antenna er skrudd på kan du skru HF-en på. Før du justerer på noko og etter du er ferdig å bruke den, skal brytarane stå slik. Control i off og power source i AC mains.

Medan du er ute og skal vere på lufta, skal control stå i transmit og power source i interal battery. Du treng ikkje justere noko av det andre.

Til sist må du huske å skru på mikrofonen. Den ligg i buret foran HF-en. På knappen finn du under Nova-logoen. Knappen skal heilt opp for å vere på, og heilt ned for å vere av.

Etter bruk er det viktig å skru av alt igjen. Mikrofonbrytaren heilt ned, HF i off og ac mains og til slutt skru av toppen av antenna. Dersom du ikkje gjer dette risikerer du at HF-en og mikrofonen blir tom for batteri.

Dersom du har brukt HF-en lenge, eller du merkar at batteriet på den nærmar seg tomt, bør du sette den på lading. Det gjer du ved å sette HF-en i off og ac mains og deretter ta ledinga i sidalomma inn i ei stikkontakt. Dersom du ikkje sjølv kan ta den av lading, gi gjerne beskjed til teknisk sjef om at du har satt den til lading.

Er noko uklart her? Spør teknisk sjef. Husk også at du ikkje kan bruke HF-en overalt. Du må ha dekning der du der. Om du er i Majorstua- og Blindernområdet skal det fungere bra. Dersom du skal ned mot sentrum eller andre stadar som er langt frå Chateau Neuf, bør du sjekke dekninga i godt tid før den aktuelle sendinga. Dårlig dekning gir mykje skurr og det høres ikkje bra ut på radio.

Tilbake til tips, triks og manualer