Tilbake til tips, triks og manualer

Har du nokon gong opplevd at b-studiomiksen ikkje oppfører seg heilt som den brukar? Den enklaste løsninga da, er å berre nullstille den.

1. Trykk på knappen PRESET øvst til høgre under displayet.

2. I displayet skal det no stå “1.*NULLSTILL* Recall preset”. Dersom det ikkje gjer det må du vri på knotten som står midt mellom dei 4 pil-knappane, til det står “1. *NULLSTILL* Recall preset”.

3. Trykk pil ned (den som lyser) slik at “recall preset” blinkar, om det står “Save preset” i staden for “Recall preset”, må du vri på knotten mellom dei 4 pil-knappane, til det står “Recall preset”

4. Med “Recall preset blinkane i displayet, trykker du på PRESET-knappen igjen. Ventar litt, og vips er miksen nullstilt.

OBSOBS! Dersom dette er under sending, sørg for at spakestart ikkje er aktivert i turboplayer, for det kan skape litt krøll.

Tilbake til tips, triks og manualer