Tilbake til tips, triks og manualer

Fade inn og ut

For å få ein behageleg og fin start og slutt på innslag og anna er fade inn og ut nyttig. Det same gjeld overgangar mellom lydklipp inne i innslaget. Du kan lage fade inn/ut og kryssfade i både block display og edi display. Block dislay er som på bildet under. I denne visninga finn du ein grå firkant i øvste hjørne på byrjinga og slutten av kvart klipp.

Dersom du tek tak i denne firkanten og dreg den innover i klippet, lagar du ein fade. Kor langt inn du trekk den avgjer kor lang faden blir.

I edit visninga blir ein fade utgjort av fleire små firkantar. Ein grå i starten på faden, medan alle ekstra firkantar er blå. Den blå firkanten her oppstod da det vart laga ein fade via block visninga.

Legg også merke til streken inne i firkanten. Den indikerer i kva retning du kan flytte firkanten, frå side til side eller opp og ned. Dei grå firkantane er låst i opp og ned, medan dei blå firkantane også kan flyttast frå side til side. Høgreklikk på firkanten, og retninga endrar seg. Dette kan du klikke fram og tilbake så mykje du vil.

I edit visninga kan du finjustere faden, legge til og ta vekk fadepunkt. Du legg til punkt ved å halde inn ctrl og trykke på den svarte linja. Du tek vekk punkt ved å halde inne ctrl og trykke på punktet du vil ha vekk.

Kryssfade

Ved kryssfader lagar du fade på akkurat same måte som ved inn- og ut-fade.

Dersom det ikkje er eit poeng at du skal ha ein brå overgang, kan det vere fint å la dei to klippa overlappe litt.

Det er ingen fasit på korleis ein fade skal vere. Det viktigaste er å bruke øyrene. Kva høyres bra ut og kva gir den effekten du vil ha. Lykke til!

Tilbake til tips, triks og manualer