Tilbake til tips, triks og manualer

Av og til er det behov for å endre litt på korleis lyden høyres ut. Dessverre har vi ikkje massevis av effekter i vår digas, men vi har ein enkel EQ. EQ står for equaliser og brukast til endringar i frekvensspekteret til ein lyd. Dette blir kanskje vel lydteknisk for mange, men om du vil kan du lese meir om det f.eks. her: http://www.soundonsound.com/sos/dec08/articles/eq.htm

I multitrack kan du f.eks. bruke det til å dempe bakgrunnstøy, eller gjere lyden din spissare eller meir bassete. Det beste er å berre leike seg litt med det, så forstår ein fort meir om kva det går i. Vår multitrack har ein easy eq og ein parametric eq. Easy eq har veldig får valg, berre tre knottar du kan skru mellom + og -, derfor tek eg her parametric eq. La oss sei at du har lyst til å dempe ein dur som ligg i bakgrunnen av intervjuet ditt. Da finn du fram til der alle klippa dine ligge på høgre side, og trykker på taben der det står effects.

Nummer 2 i lista er parametric equalizer. Trekk den enten inn på det/dei lydklippa du vil legge effekta på, eller bestem deg for eit spor der alle klippa du vil ha effekt på kan ligge, og så kan du legge effekt i trackmikseren.

Trackmixeren får du fram ved å trykke på symbolet markert med den raude sirkelen. Den har også tre knottar for EQ i seg, desse liknar på det som heiter easy eq. Den øverste er diskant/dei lyse tonane, den mindterste er mellomtonar, og den siste er bass/dei lavaste tonane.

For å legge effekt på eit av spora dine er det berre drag&drop av parametric equalizer på ein av dei tre linjene under der det står FX. Du vil da få opp ei boks som på biletet under, og du kan sjå at effektene no er lagt på spor 1.

For å legge til effekt på eit eller fleire lydklipp, er det berre drag&drop rett inn på klippet, og klippet vil da bli markert med ei boks det står FX i, midt på klippet.

Korleis ein bruker EQ virkar er ikkje veldig lett å forklare utan å bli veldig teknisk, men vi prøver likevel. Til venstre justerer du på dei mørke tonane, i midten på mellomtonar og heilt til høgre på dei lysaste tonane. Dei tre øverste knottane bestemmer kva frekvens du justerer på. Den midterste på alle radene bestemmer kor mykje av lyden du påvirkar, ofte kalt q-faktor. Den nesderste på alle bestemmer om du skal legge til eller trekke frå.

Dersom du vil forstå deg betre på EQ må du nesten berre skur litt på alt det her, hør forskjellen den gjer ved å trykke ut og inn ON. Trykk på det vesle lyset øverst til høgre ved der det står on. OBS! Du vil ikkje høyre nokon forskjell før du faktisk har skrudd litt på dei ulike knottane. Pass på at du ikkje skrur deg vekk, det kan skje.

Om du f.eks. har ein bakgrunnsdur du ikkje likar. Sett den nederste knotten på venstre side, -/+ , langt over på plussida. Sett den midsterste heilt over på 100. Skru deretter fram og tilbake på den øverste av dei tre knottane, den som heiter Freq. Hz. No skal du normalt høyre at lyden endrar på seg. Prøv det både med parametric og shelving, den vekslar du heilt øverst i venstre hjørne, den med det raude lyset er den aktive. Dersom du finn ein posisjon for Freq. Hz-knotten der lyden du vil dempe høyrest ekstra godt, la den stå der og flytt -/+ over på minussida. Forhåpentlegvis har du no gjort ein forskjell.

Tilbake til tips, triks og manualer