Tilbake til tips, triks og manualer

Chat

Den poppar opp kvar gong du loggar på ei Nova-maskin, og det er ingen vits å avslutte den.

Her er det samla ein masse menneske med god teknisk innsikt. Dei systema vi brukar til daglig, er laga av nettopp desse personane. Når du spør om noko, er det viktig å vere obs på følgjande:

1. Aldri spør om å spør. Berre gå rett til det du lurer på.

2. Ikkje forvent svar på sekundet, sjølv om det av og til kan skje.

3. For at vi skal kunne hjelpe bør vi vite kva du prøvar på, kva du forventar skal skje, kva som skjer i staden og kva som står i eventuelle feilmeldingar.

4. Det er mulig med privatchatting, men om du har eit teknisk spørsmål, ikkje bruk det. Spør heile kanalen, da får du både raskare og betre hjelp.

5. Om du må gå før du får svar, gi beskjed om det, og gi oss gjerne hint om korleis vi kan nå deg.

6. ALDRI logg ut av chat i studio, vi vil gjerne kunne kontakte alle studio via chatten.

7. Chatten er der ikkje berre for eventuelle problem du får, vi er ganske hyggelige å snakke med om andre ting også!

Tilbake til tips, triks og manualer