Table of Contents

Har du prøvd basskutt?

På mykje av det som blir laga på Nova, hadde kvaliteten vorte betre dersom det hadde vorte brukt basskutt (low cut). Ofte gjer ein opptak på plassar der det er romling i rommet, eller ute der det er mykje støy frå gata. Neste gong du er ute prøv å hør korleis lyden blir dersom du har basskutt aktivert. Funksjonen til basskutt er nettopp å dempe slik romling. På edirolane, samt Roland R05, finn du brytar for aktivering og deaktivering av basskutt (low cut).

Basskutt på Edirol 09 og 09HR

På begge typane edirol finn du basskutt-knappen på baksida av opptakaren.

På Edirol-09 er det knappen som her er markert med 23.

På edirol-09hr er det knappen som er markert med 29.

Basskutt på Roland R-05

Også på Roland R-05 finn du den på baksida.

På Roland R-R05 er det knappen markert med 28. På alle kan du ganske enkelt veksle mellom on og off. Prøv neste gong du er ute, og hør etter om det gjer ein forskjell.

Basskutt på Zoom H2 og H2N

På zoom blir basskutt aktivert inne i menyen.

Basskutt på Tascam DR-07

På Tascam DR-07 gjer du det også i menyen. Trykk på meny (5), blar med hjulet (11) til du finn input setting og vel det med play/pause (12).

Blar med hjulet (11) ned til Low cut, play/pause (10) for å velge og bla med hjulet (11) for å slå på basskutt. Her kan du velge ved kva frekvens det skal kutte. Veldig forenkla kan ein sei at den kuttar meir til lavare talet er. Trykk meny for å avslutte.

Om du skulle gløyme dette når du er ute å gjer opptak, så kan du fikse det med EQ i multitrack.