[[tips, triks og manualer|Tilbake til tips, triks og manualer]] =====Ta kontroll over lydbiletet ditt===== {{:skjeiv.jpg|}} Har du nokon gong opplevd at opptaka dine ser slik ut? At det er meir lyd i venstre kanal enn høgre, eller omvendt? Alle opptakarane til Nova har stereomikrofonar. Dersom det er eit poeng at ein skal høyre at noko beveger seg i lydbildet er dette fint. Ofte er det derimot ønskeleg at dei ein intervjuar held seg i ro og høyres like mykje på høgre og venstre side. Dette kan du få til med pan i multitrack. {{:pan_nr._1.jpg|}} Trykk på den vesle miksaren på verktøylinja. På bildet markert med ein raud sirkel. Du må stoppe avspelinga i multitrack for å kunne trykke på den, etter du har fått den opp, kan du gjerne starte avspelinga igjen. {{:pan_nr._2.jpg|}} Finn området på miksaren der det står pan, det består av to små firkantar. På bildet markert med ein raud sirkel. Du kan gjere dette med eit eller fleire track, og samle lyden som treng panning der. Du kan også gjere det på masteren og dermed påverke heile prosjektet, det er sjeldan ønskeleg. {{:pan_nr._3.jpg|}} Flytt dei to firkantane til ønska posisjon. Viss du vil at det skal vere heilt lik lyd i venstre og høgre, flyttar du begge i posisjon 0, slik du ser på bildet. All lyd ligg no midt i lydbildet, dvs. det er heilt likt i både venstre og høgre. [[tips, triks og manualer|Tilbake til tips, triks og manualer]]