[[Tips, triks og manualer|Tilbake til tips, triks og manualer]] {{:lagre_som.jpg|}} Det er mange variantar av lagring i Digas, og i starten kan det vere litt forvirrande. I Nova brukar vi for det meste berre save database project og save, derfor tar vi dei to fyrst. =====Save database project===== Medan du jobbar med eit innslag er det smart å lagre ofte. Dette veit alle som har vore opplevd ein maskinkræsj utan å ha lagra. Eit godt tips er å lagre kvar gong du har gjort ei stor endring. Prosjektet er berre eit slags bilete av det du har gjort med råteipen. Så aldri slett råteip før du er heilt ferdig, og ikkje ver redd for å lagre ofte for kvar lagring brukar veldig lite plass. Det er ikkje mulig å lagre over den forrige lagring, du alltid lagre det på nytt. File>save database project, for kvar gong du lagrar. {{:save_database_project.jpg|}} Trykk OK på den fyrste boksa som poppar opp. {{:save_databaseproject_2.jpg|}} Velg at den skal legge seg i kategorien prosjekter i databasen, og trykk ok. Gjenta alle stega for kvar gong du lagrar eit prosjekt. {{:save_database_project_3.jpg|}} Til sist gir du prosjektet eit navn og velger kva program du lagar det for. {{:gi_prosjektet_navn.jpg?650|}} Alle på denne lista som har eit lite symbol i kolonna heilt til venstre, er lagra på denne måten. Dersom ein berre har valgt save og lagra det i prosjekter, får ein ikkje dette symbolet og det vil ikkje vere mulig å opne det i multitrack igjen. Pass derfor på at du gjer dette på rett måte, viss ikkje har du ikkje lagra projektet ditt. ObsObs: det er ikkje mulig å høre på prosjektet ditt i databasen, det må lastast inn i multitrack for at digas skal kunne gjengi ei prosjektfil. {{:prosjekt_i_database.jpg|}} =====Save===== Save bruker du når du er ferdig og da skal du stort sett lagre det til ferdige programmer og innslag. Unntak kan vere dersom dette er eit enkelt stikk til ei preprodusert sending, da kan du like gjerne [[lagre til digairange|lagre som ferdig dirkete til DigAIRange]]. Da slepp vi at databasen blir full av sånt som berre skal brukast den eine gongen. {{:save.jpg|}} Gi den eit navn, velg program og trykk ok. {{:gi_den_eit_navn_-_ferdig.jpg?650|}} =====Save project===== Du vil sjeldan ha bruk for denne, men dette er lagring av prosjekt til det klassiske filsystemet, altså utanfor digas sin database. Det kan vere aktuelt dersom møter på [[Error|DDE-error]], ein feil som betyr at du har mista kontakt med databasen. Det kan også brukast dersom du treng å ta med deg prosjektet utanfor Nova, men da må du ha digas sin multitrack tilgjengeleg også dit du skal ta det med. {{:save_project.jpg|}} Trykk ok. {{:trykk_ok.jpg|}} Velg kvar den skal lagrast. {{:gi_den_eit_navn.jpg|}} =====Save extended===== Denne kan brukast dersom noko skal lagrast som ferdig utanfor databasen. Save extended har såpass mange muligheiter at det vil få sin heilt eigne gjennomgang på eit seinare tidspunkt, men under følgjer ei kjapp forklaring. {{:save_extended.jpg|}} Trykk der det står file format, og du kan velge mellom f.eks. raw og wave. Dersom du vil ha det som mp3, bruk raw. Eller du kan berre behalde wave, det er eit større filformat med betre lydkvalitet. {{:file_format.jpg|}} Trykk der det står audioformat, denne heng saman med filformat. Dersom du har valgt raw på fileformat kan du f.eks. hake av for mpeg3 og du vil få ei mp3-fil. Valgte du wave, lar du den stå på linear. Kva kvalitet den får velger du under resolution. {{:audio_format.jpg|}} Når alt dette er gjort, trykker du på firkanten med tre prikkar i, for å velge lagringsplass og kva den skal heite. Sjekk da at save as type er satt til det samme filformatet som du alt har valgt. Altså mp3 om du skal ha ein mp3, wave dersom du skal lagre som wave, eller det andre du eventuelt kan ha valgt dersom du har valgt anna. Det var det for no om save extended. {{:gi_den_eit_navn.jpg|}} =====Special save===== Denne har fleire kategoriar i seg. Dei tre fyrste på lista vil lage eit nytt lydklipp og legge det i clip-lista inne i multitrack. {{:special_save.jpg|}} Left from stereo, fjernar høgre kanal og legg venstre i begge. Right from stereo, fjernar venstre kanal og legg høgre i begge. Split stereo, lagar to lydklipp der den eine er venstre kanalen og den andre er høgre. Mix stereo lagrar til databasen og er det samme som save. =====Save take and project===== Denne gjer to ting, den lagrar prosjektet som eit prosjekt, og den lagrar heile prosjektet som ei lydfil. Det betyr at du f.eks. kunne lagra siste versjon av prosjeket ditt i samme slengen som du lagra det som ferdig. Sidan du ikkje får valgt meir enn ein katagori, altså berre prosjekter eller berre ferdige program og innslag, så er denne funksjonen lite aktuell for oss. Med andre ord, ikkje bruk den. {{:take_og_project.jpg|}} [[Tips, triks og manualer|Tilbake til tips, triks og manualer]]