[[tips, triks og manualer|Tilbake til tips, triks og manualer]] Har du nokon gong fått denne feilmeldinga ved lagring? {{:dde_request.jpg|}} Husk at det som følgjer her berre gjeld dersom denne feilmeldinga dukkar opp. Til vanleg skal du save database project for prosjekt, og save for ferdige programmer og innslag. Tilbake til DDE request-feilen. Det er ein veg rundt det. Problemet denne feilmeldinga prøver å formidle er at den har mista kontakt med Database Manager. Altså denne: {{:database_manager.jpg|}} Dersom du prøver å gå inn der når denne feilmeldinga dukkar opp, så vil den vanligvis vere heilt kvit og ikkje gi respons. Trykk alt+ctrl+del, start oppgavebehandling og avslutt oppgåva DigaSystem Database Manager. {{:oppgavebehandling.jpg|}} Gå tilbake til multitrack og trykk nei på feilmeldinga. Du vil da få muligheita til å lagre utanfor databasen. Velg ein plass for lagring og gi den eit navn. Deretter opner du databasen igjen, finn igjen fila du nettopp lagra og trekk den inn i databasen. Dersom det var eit prosjekt skal den inn i prosjekter, dersom det var ferdig skal den til ferdige programmer og innslag. Gi den navn, sjekk at den er som den skal og restart deretter maskina. Om du alt har trykka vekk feilmeldinga er ikkje det noko problem. Da går du i staden på file og vel enten save project eller save extended. Save project dersom du skulle lagre eit prosjekt, save extended dersom det du skulle lagre var ferdig. {{:save_project.jpg|}} Trykk ok på denne. {{:trykk_ok.jpg|}} Gi den eit navn og save ein plass du veit du vil finne den igjen, f.eks. desktop. {{:gi_den_eit_navn.jpg|}} Deretter opner du Database manager igjen og trekker fila du nettopp lagra, inn i prosjekter. {{:opne_database_manager.jpg|}} {{:legg_den_i_digas.jpg|}} Gi den tittel, trykk ok. Lukk prosjektet ditt, og opne deretter fila du nettopp la inn i digas, i multitrack. Sjekk over at alt er som det skal og restart deretter maskina. Dersom det du prøvde å lagre er ferdig kan du i staden for save project, lagre det med save extended. {{:save_extended.jpg|}} Trykk på firkanten med dei tre prikkane for å kunne velge navn og kvar du skal lagre. {{:velg_lagringsplass.jpg|}} {{:gi_navn_og_velg_plass.jpg|}} Trykk save og du havnar tilbake til der du var på biletet over, trykk ok på den og fila blir lagra. Etter at du har restarta database manager kan du trekke denne fila inn i ferdige programmer og innslag. Gi den ein tittel og sjekk at den høyres ut som den skal. Restart til sist maskina. Om du ikkje forstår noko av det her roper du ut etter hjelp! Lykke til i digasjungelen. [[tips, triks og manualer|Tilbake til tips, triks og manualer]]