[[tips, triks og manualer|Tilbake til tips, triks og manualer]] =====Bygg gruppe===== Det hender at ein i redigeringa endar opp med ein masse småklipp. Dersom ein skal flytte rundt omkring på alle desse småklippa blir det av og til litt rot. Om du har ein rekke småklipp som like gjerne kunne vore i eit klipp kan du fikse dette ved å bygge ei gruppe. Merk alle klippa du vil ha med i gruppa og trykk på det blå bygg gruppe-ikonet. {{:smaklipp.jpg|}} Vips så blir alle dei små til eit stort klipp. Alle småklippa ligg no inne i det grønne lydklippet på nederste track. Dersom du skulle ombestemme deg og vil ha tilbake alle småklippa, merkar du berre klippet som består av alle dei små, og trykkar på splitt gruppe-ikonet. Vips så får du alle småklippa tilbake. {{:gruppering.jpg|}} [[tips, triks og manualer|Tilbake til tips, triks og manualer]]